Nytt koronatilfelle i Sande

Ein person som oppheld seg i Sande har testa positivt for covid-19, melder Sande kommune onsdag morgon.

Korona Covid-19 

Nyhende

Kommunen opplyser vidare at det er snakk om ein utanlandsk arbeidar som har testa positivt for covid-19. Personen kom med fly saman med seks nærkontaktar. Dei reiste i lag frå flyplass til bustad, og alle brukte munnbind på fly og hurtigbåt, heiter det.

Alle har vore i karantene frå den dagen dei kom, slik reglane seier dei skal når dei kjem frå utlandet, avsluttar kommunen i si oppdatering, og minner om ansvaret arbeidsgivarar og oppdragsgivarar har når ein får inn arbeidskraft frå utlandet.