Elevane på Nerlandsøya sykla og gjekk 1196 kilometer

Nerlandsøy skule blei den tiande beste skulen i Møre og Romsdal i årets Beintøft-konkurranse.

Beintøft: Sjetteklassingane på Nerlandsøy skule sykla og gjekk kommunen sin opp til ein sjetteplass på kommunetoppen i Møre og Romsdal.  Foto: Vestlandsnytt

Nyhende

53.000 skuleelevar frå heile landet har delteke i årets Beintøft, som er Norges største gå-til-skulen-aksjon. Til saman har deltakarane tilbakelagt over 1 million bilfrie kilometer i løpet av fire kampanjeveker.