Gunvor Ulstein går av etter 22 år

Etter nesten 22 år i stillinga går Gunvor Ulstein av som konsernsjef i Ulstein Group. Finansdirektør Cathrine Kristiseter Marti tek over.

Gunvor Ulstein: Gir seg etter snart 22 år som konsernsjef i Ulstein Group.   Foto: Ulstein Group

Nyhende

– At eg går av som konsernsjef, betyr ikkje at eg vil ha mindre engasjement for Ulstein. Som styreleiar i Ulsmo (Ulstein Group sin majoritetseigar) og styremedlem i fleire Ulstein-selskap, vil eg framleis jobbe hardt for at konsernet skal utvikle seg og ha ei levedyktig framtid, seier Gunvor Ulstein i ei pressemelding frå Ulstein Group tysdag.

Ulstein forklarar at når ho no går ut av den operative rolla, vil ho i kraft av rolla som styreleiar i Ulsmo, konsentrere seg om dei meir langsiktige og strategiske moglegheitene for konsernet og næringa.

– For at verksemda skal fortsette å vere ein attraktiv arbeidsstad er det viktig å sleppe til nye krefter, sjølv om det medfører endring i eiga rolle. Eg vil sjølvsagt vere tilgjengeleg for den nye konsernsjefen. Ut over dette har eg ikkje lagt nokon planar, seier ho.

Gunvor har gjennom denne perioden leia konsernet gjennom mange opp- og nedturar, heiter det i pressemeldinga.

Sjølv er ho spesielt fornøgd med måten konsernet har evna å tilpasse seg ulike situasjonar.

– Vi har alltid tilpassa konsernet etter marknaden, og det skal vi gjennom kontinuerleg omstilling og utvikling fortsette å gjere. Etter at vi tok oss gjennom omstillinga frå olje og gass og over i nye segment, sette COVID-19 oss på ny prøve. Dette gjeld alle verksemder uansett næring. Vi har tilpassa oss ein ny kvardag og stadig endra regelverk, og det må vi rekne med å fortsette med inntil ei vaksine er på plass, seier Gunvor Ulstein.

Styreleiar i Ulstein Group, Tore Ulstein, takkar den avtroppande konsernsjefen for hennar store engasjement og årelange innsats.

– Gunvor er kjend som ein kunnskapsrik og handlekraftig konsernsjef, og som styreleiar vil eg takke Gunvor for hennar store engasjement og årelange innsats både i Ulstein og utanfor. Eg ser fram til vårt vidare samarbeid om utvikling av Ulstein, seier han.

Finansdirektøren tek over

Både avtroppande konsernsjef Gunvor Ulstein og styreleiar Tore Ulstein er svært glade for at Cathrine Kristiseter Marti har tatt på seg jobben som Ulstein sin arvtakar.

– Marti har ei mastergrad i økonomi frå Université Toulouse 1 Capitole/McGill University. Ho har i heile sitt yrkesliv jobba innanfor den maritime næringa, og blant anna vore tilsett i Höegh Autoliners og i DnB Shipping & Offshore før ho kom til Ulstein, blir det opplyst.

– Saman med ein svært god og kompetent administrasjon, har ho både kunnskapen og eigenskapane som skal til for å lykkast med å ta Ulstein vidare, seier Tore Ulstein om den nye konsernsjefen som tek fatt på oppgåva 2. november.

TEK OVER: Etter seks år i stillinga som CFO/finansdirektør i konsernet blir Cathrine Kristiseter Marti ny konserndirektør.   Foto: Per Eide