Klare for samle inn både pengar og søppel i Herøy i samband med årets TV-aksjon:

– Må vere ambassadørar for eit reint hav

Årets TV-aksjon er allereie godt i gang og no håper aksjonskomiteen i Herøy at alle lokale krefter blir med på pengeinnsamlinga, samt den nasjonale ryddeaksjonen.

Klare for TV-aksjon: Det var dessverre ikkje vanskeleg å finne rekvisittar då vi skulle fotografere TV-aksjonskomiteen i Herøy. Det dei har i hendene er det dei kunne finne langs promenaden i Fosnavåg. Det synleggjer godt problematikken ein i år prøvar å bekjempe i årets TV-aksjon. F.v.: Merethe Hjertø Flusund, Bjørn Prytz, Olaug Andreassen og Britt Paulsen. 

Nyhende

Av smittevernomsyn blir det ikkje tradisjonell bøssebering under årets TV-aksjon. All pengeinnsamling vil gå føre seg digitalt. Med andre ord kjem der ikkje ein bøsseberar gåande frå dør til dør. I år kjem dei frå vegg til vegg på Facebook.

– Folk vil i løpet av veka kunne observere fleire Spleis-aksjonar i sosiale medium der ein kan gi pengar. Elles blir det mogleg å gi pengar via telefonen på sjølve aksjonsdagen, 18. oktober. Alle som ønskjer å støtte aksjonen skal få moglegheit til å gjere det. Innsamlinga varer heilt ut oktober, så ein har ikkje hastverk, opplyser Britt Paulsen til Vestlandsnytt.

Vi møter ho, Merethe Hjertø Flusund, Olaug Andreassen og Bjørn Prytz ifrå den lokale aksjonskomiteen for ein prat om korleis TV-aksjonen vil gå føre seg lokalt i Herøy i år.

Håper mange melder seg som bøsseberarar

Ordførar Prytz seier at dei i år er like avhengige av bøsseberarar som før, sjølv om dei er digitale.

– Det handlar som alltid om å nå ut til flest mogleg folk, og dess fleire som er med på å spreie bodskapen, dess betre. Samstundes kan mange vere skeptiske til det å sende pengar på nett. Då er det viktig at vi kan få halde oss til folk vi kjenner og stoler på, seier han, og oppmodar frivillige om å melde seg som digital bøsseberar.

Paulsen følgjer opp med å seie at det er ganske enkelt og også trygt.

– Vi brukar Spleis-systemet til Sparebank 1. Vi har tillit til at dei skal gjere det trygt for alle som ønskjer å gi pengar digitalt, smiler ho.

Næringslivsinnsamling i regi av Havlandet

Som eit eksempel på korleis det vert samla inn pengar har Havlandet, med næringslivssjef Merethe Hjertø Flusund i spissen, oppretta ei eiga innsamling for næringslivet i Herøy. Ho håpar å sjå fleire Herøy-bedrifter teikne seg på givarlista før månaden er omme.

Høgaktuelt for Herøy

Årets aksjon går til WWF og deira arbeid med å få bukt med plastproblematikken i havet, som i dag er eit høgaktuelt og viktig arbeid som må gjerast. Kvart år vert åtte millionar tonn plast dumpa i havet, noko som trugar dyreliv og i tur også menneskeliv. Olaug Andreassen, som har engasjert seg i TV-aksjonen i tallause år, ønskjer i anledninga å kome med ei viktig påminning.

– Vi har registrert at kommunar og folk ikkje vil vere med å støtte årets aksjon på grunn av at det er WWF. Til dei som er i tvil vil vi minne om at dette går til ei spesifikk sak og berre det. Pengane skal gå til eit prosjekt i Asia for å stoppe den store plastforureininga som går føre seg der, presiserer ho.

Ho får støtte frå Merethe Hjertø Flusund og ordføraren.

– Herøy, som har blitt til på grunn av havets rikdommar, må vere ambassadør for eit reint hav. Vi har, som alle andre, vår del av skulda i problematikken, og her har vi moglegheit til å gå fram som ei opplyst kommune i ein felles kamp, seier Hjertø Flusund.

Oppmodar til rydding

I samband med den tradisjonelle pengeinnsamlinga har årets aksjon også eit anna aspekt ved seg, som ifølgje Paulsen er vel så viktig å fokusere på. Det haldningsskapande arbeidet.

– Årets aksjon er også ein ryddeaksjon. Målet er at vi skal bli endå meir bevisste på forsøplingsproblematikken og i tillegg gjere ein fysisk innsats i kampen.

Ho nemner at fleire skular no jobbar med temaet, og at det også blir fleire ryddeaksjonar i kommunen denne veka. Eit døme på dette er at lokale bedrifter på industriområdet på Mjølstaneset i samarbeid med Runde Miljøsenter, Fallgard og SSR vil arrangere ein ryddeaksjon på og rundt Mjølstaneset onsdag.

– Alle dei som elles vil ut å rydde i eigen regi vil kunne få tildelt både sekkar og hanskar, og kan levere i SSR-konteinarar ved Herøy kulturhus og i Myrvåg, held Paulsen fram.

Barnearrangement på Runde og rådhusløp

Av andre ting som er verdt å trekke fram i samband med aksjonsarbeidet i kommunen så samlar Sjøhesten Hippo og Runde Miljøsenter inn til TV-aksjonen. Det skjer gjennom ein innhaldsrik dag på fugleøya der det blir ryddeaksjon, spesielt tilrettelagt for barn, og etterpå lesestund på Runde Miljøsenter med forfattar Ina Giske. Ho vil lese høgt ifrå boka si «Sjøhesten Hippo og plasten i havet», før det deretter blir kreative workshops for barna.

Til slutt kan vi nemne at suksessen med eige rådhusløp også vert gjentatt i år, då med sterkt fokus på smittevern. Dette skjer onsdag og kommunen, som står som arrangør, inviterer fleire bedrifter til å ta del i løpet. Løypa er ca. 440 m med start og slutt ved hovudinngangen til rådhuset. Deltakarane går/spring så mange rundar dei klarer på 20 minutt. Ideen er at kvar runde kan bli sponsa med eit gitt beløp, då av ein sjølv og/eller familie og vennar.