Nytt bustadområde på Berge

Eit nytt bustadområde for variert bustadbygging er under planlegging på Berge i Fosnavåg.

BERGE: Her på Berge ønskjer grunneigarane å utvikle eit 13 dekar stort jordstykke til bustadområde. 

Nyhende

Planen er laga av Ose As med bakgrunn i at grunneigarane ønskjer å utvikle eigedomen sin til bustadføremål. Innafor reguleringsarealet på 13 dekar vil det bli planlagt både konsentrerte bustader og frittliggande småhus, samt leikeareal og veg.