22 nye prøvesvar: Ingen nye koronatilfelle så langt i Herøy

Alle dei 22 testane som vart tekne i Herøy søndag 11. oktober, var negative. Isolert sett er det godt nytt.

Korona Covid-19 

Nyhende

Måndag kveld opplyster smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen i Herøy at også personen som testa positivt før helga, no har levert ein negativ test.

Men:

- Smittekjelda har vi ikkje funne, seier Aasen.

Han karakteriserer det som beroligande at smitten, i alle fall så langt, ikkje har spreidd seg til personen sine nærkontaktar.



Herøy kommune jobbar no med å informere dei einskilde. Men det vert presisert at sjølv om testane syner negativt resultat (ikkje smitte), så gjeld bestemmelsane om karantene framleis.

Må teste igjen, framleis i karantene

Karantenetida for dei fleste går ut laurdag 17. oktober. Reglane er slik på grunn av inkubasjonstida, altså kor lang tid det tek før ein vert smitta, til sjukdomen bryt ut.

- Brot på karantenen kan sette andre i fare dersom smitten bryt ut seint karanteneperioden, heiter det frå smittevernoverlegeen.

Alle dei 22 som var testa i helga, vert rådde til å ta ein ny test 15. oktober ved Myrvåg legesenter/teststasjon.

Måndag vart ei rekkje nye personar testa for koronasmitte, som ein del av arbeidet med å finne ut om det er ukjent smitte i befolkninga. Desse svara føreligg førebels ikkje.