Om dalsfjordingen Ola N. Brune (1835-1913) - og nokre hus i Fosnavåg

Mellom 1881 og 1908 bygde Ola N. Brune tre hus i Fosnavåg. No har eg skrive eit konsentrat av soga om desse husa, eigarane m.m.

«Brun-Ola buda»i 1908: Rett bak t.v. står «Nyeheimen». Elles langs sjøen f.v. : Sjøhus bygde av: Enok Svendsen, fiskarar frå Folkestad og Didrik Maaen, Austefjorden. Fronten på sistnemnde sjøbud vart snudd i 1929-1930 av H. Johannessen. Jamfør bildet frå 1952. Fremst fjordmannsstova på Urholmen. T.h. Sjøbud, naust og våningshus til Jakob P. Vågsholm. Utsnitt av større bilde. Bildebehandlar: Rune Paulsen. Utlån: Magnar Hjertenæs. Fotograf: A. Berge. 

Nyhende

Møringsbåt - torskefiske

Ola Martinus Nilsen (Lillebø) kjøpte i 1885 gardsbruk på Brune, gnr. 128, bnr. 1 i Volda. Oppsynet si liste frå torskefisket i Herøy i 1881, viser at Ola (Ole) Brune då eigde ein ny båttype med to master og fleire segl; møringsbåt. Dei fleste herøyfiskarane brukte båtar med eitt segl, t.d. åttringar.