Koronasituasjonen i Herøy:

Finn ikkje smittekjelde - ber alle med det minste symptom teste seg

Bjørn Martin Aasen:   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

I samband med påvist positiv test for covid-19 i Herøy fredag 09.10.20, er det no gjennomført testar av alle nærkontaktar og re-test av den som var smitta. Vi reknar med svar tysdag 13.10, opplyser smittevernoverlege i Herøy Bjørn Martin Aasen i ei pressemeldinga.

Han fortel at det er avdekka 21 nærkontaktar. Dei fleste er elevar fordelt på 5 skular. Skuleleiarane er informert. Skulane held fram med vanleg drift.


Siste nytt om korona-situasjonen:

21 nærkontaktar og ingen avklaring om smittekjelde


Vil at alle med symptom testar seg

– Sidan vi ikkje har funne kjelda for smitten oppmodar eg at alle som kjenner på det minste symptom av sår hals, forkjøling eller snue, bestiller seg time for testing, seier Aasen.

Timebestilling vert gjort over nettet på Herøy legesenter eller Myrvåg legesenter. Det vert utført testar alle kvardagar.

– At så mange som råd er testar seg vil vere svært nyttig for å avdekke om vi har pågåande skjult smitte i kommunen slik at ytterlegare tiltak kan settast i verk, seier smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen.