Sande formannskap går i bresjen for TV-aksjonen:

Digital innsamling og strandrydding

Sande-politikarane har registrert seg som digitale bøsseberarar. Samstundes går næringslivet i kommunen inn med eit visst beløp per sekk med plastsøppel som blir rydda.

DI­GI­TA­LE BØS­SE­BE­RA­RAR: For­mann­ska­pet i Sande er kla­re for TV-ak­sjo­nen. F.v.: Unny Haugen, Ei­nar Ek­roll, Arn­ljot Mu­ren, Dag Vaa­gen, Sind­re Slet­te­støl, Anne-Mar­te Bei­tveit og Olav Myklebust.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Årets TV-aksjon, som går av stabelen søndag 18. oktober, blir som følgje av koronasituasjonen ganske annleis enn tidlegare. I staden for bøsseberarar på sjølve aksjonsdagen, blir det i år ei digital innsamling, som vil halde på gjennom heile oktober.

Under sitt møte denne veka brukte formannskapet i Sande nokre minutt på å få fart på aksjonen, då politikarane i samla flokk registrerte seg som digitale bøsseberarar.

– Når vi no har oppretta bøsse, blir oppgåva å få folk til å sette inn pengar, og eventuelt også lage si eiga bøsse, sa ordførar Olav Myklebust.

Oppfordrar til strandrydding

Parallelt med den digitale innsamlinga går Sande kommune, i likskap med mange andre kommunar på Sunnmøre, i bresjen for ein strandryddeaksjon. Noko som sjølvsagt ikkje er tilfeldig, då årets innsamling går til organisasjonen WWF, og arbeidet med opprydding av plast i havet.

– Næringslivet vil få tildelt sekkar, og vi vil oppfordre både næringsliv og skular til å gå ut å rydde, sa politisk sekretær Tove Cathrine Kvamme, som tok ansvaret for å få dei folkevalde i sving med innsamlinga.

Privatpersonar kan sjølvsagt også vere med på ryddinga. For å få tildelt sekkar blir ein oppfordra til å ta kontakt med rodeleiaren i si bygd. Meir informasjon om dette kan du finne på kommunen si heimeside.

Sekkane er allereie tilgjengelege, og vil bli samla inn 19. oktober, altså dagen etter TV-sendinga.

Næringslivet gir pengar

Ordførar Myklebust var også glad for å kunne fortelje at ein har fått på plass ein avtale med næringslivet, som vil gå inn med 50 kroner per sekk som blir samla inn i deira respektive bygder.

– Eg har prioritert dei marine og maritime først, men det er mogleg for alle bedrifter å vere med på denne ordninga. Det er veldig bra om fleire blir med, sa ordføraren håpefullt.

Det vil også bli oppretta ein eigen næringslivsspleis.