Endå fleire protestar mot kutt i ferjerutene: - Mindre fleksibilitet og lengre reisetid

Fleire interessentar går ut med sterke protestar mot fylkeskommunen sitt føreslegne kutt i ferjerutene.

På SandsfjordeN: Mowi er bekymra over fylgjene ei nedskalering av rutetilbodet her, og på Årvik - Koparnes, vil ha generelt, og for firmaet sin del. Også Beitveit Holding er på bana, med ein protest mot utkutting av nattruta som bind saman mykje av ytre søre. 

Nyhende

Mowi minner om at ferjene er ein del av samferdselstilbodet i distrikta. Det bur mange menneske på øyane som vil bli råka av ein reduksjon i ferjetilbodet, og det anser vi som uheldig. Det vil også råke folk på fastlandet som pendlar til øyar, skriv oppdrettsgiganten i høyringsinnspelet.