Siste nytt om korona-situasjonen:

21 nærkontaktar og ingen avklaring om smittekjelde

Nyhende

Smittesporinga i Herøy etter tilfellet av positiv koronatest som vart avdekt 09.10.20, har halde fram. Det er til no avdekka 21 nærkontaktar som alle er sett i karantene, skriv Herøy kommune. Smittevernoverlegen informerer vidare at alle nærkontaktar og den som fekk positiv test, vert testa søndag. Det er forventa svar på disse tysdag formiddag. Det vil avklare om der er vidare smitte eller ikkje.

– Så langt har ein dessverre ikkje funne kjelda for smitten, noko som uroar meg, opplyser smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen.

– Det har siste to vekene vore utført 132 testar i Herøy, og det er i disse ikkje påvist smitte som kan settast i samanheng med dette siste tilfellet. Det er litt beroligande, opplyser han.

Tre forskjellige skular

Nærkontaktane og indekstilfellet er elevar ved tre forskjellige skular, Herøy VGS, Ulstein VGS og Stokksund skule. Skulane er alle informerte om situasjonen. Alle tre skulane har vanleg drift frametter. Dette i samråd med Folkehelseinstituttet.

To utanlandske arbeidarar som testa positivt ved innreise til Norge den 30.09.20 testa framleis positivt. Dei vert framleis isolerte. Ein annan utanlandsk arbeider testa positivt 06.10 har på nytt testa positivt, og isolasjonen vert også her forlenga. Det vert teke nye testar av disse 14.10.20.