Smittekjeda er ikkje avdekka: - Det uroar meg noko, seier smittevernoverlegen

Bjørn Martin Aasen: Smit­te­vern­over­le­gen i Her­øy ber folk vere på­pas­se­le­ge med smit­te­ver­net i tida fram­over.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

I samband med det nye tilfelle av påvist Covid- 19 i Herøy fredag, er det så langt kartlagt 17 nærkontaktar. Disse vart kontakta i ettermiddag og kveld. Dei har fått informasjon om korleis dei skal stelle seg når dei er i karantene, skriv Herøy kommune i ei presseoppdatering fredag kveld.

For å styrke smittesporinga er det sett opp ekstra teststasjon søndag 11.10.20.

Alle nærkontaktar som skal testast får eigen melding om stad og tidspunkt.

– Arbeidet med smittesporing held fram i morgon. Så langt er ikkje kjelda for smitten avdekka. Det uroer meg noko, seier smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen.

– Gjennom testing og vidare kartlegging vonar vi å få ei betre avklaring i løpet av nokre dagar, seier han.


Vurderer koronasituasjonen og forklarer korleis dei sporar smitte: – Vi har oversikt og kontroll

Etter at det den siste veka har vore påvist fire nye tilfelle av Covid-19 i Herøy, finn vi det naturleg å rette spørsmål til smittevernoverlegen om kor god kontroll ein har på situasjonen lokalt. Per no er svaret oppløftande, men ein skal ikkje slakke på smittevernet.


Elev ved Herøy vidaregåande skule

Den som er smitta er elev ved Herøy vidaregåande skule. Eleven tok testen i samband med arbeidsutplassering som del av utdanninga.

– Skulen har hatt haustferie denne veka, så eleven har ikkje vore ved skulen siste 8 dagane. Skulen er informert i kveld. Om det er behov for tiltak ved skulen vert vurdert i morgon. Skulen vil deretter sjølv informere sine elevar, seier Aasen.

Han rosar til dei ungdomane dei har vore i kontakt med i samband med smittesporinga.

– Dei har vist stort ansvar slik at dei rette tiltaka kan gjennomførast på ein trygg og god måte både for dei og for lokalsamfunnet, skryt Aasen.

Arbeidet med vidare kartlegging vil halde fram i morgon, avsluttar smittevernoverlegen.