Rådhusnaboar har klaga på tilkomsten til nytt parkeringshus - dette er Fylkesmannen sitt svar

Fylkesmannen har avvist klagen frå naboar til Herøy rådhus på kommunen sitt vedtak om å nytte Kjøpmannsgata som tilkomst til parkeringshuset.

IKKJE MEDHALD: Naboane til Rådhuplassen, med Per Botn (bak t.v.) i spissen, får ikkje medhald i klagen til Fylkesmannen. Slik Fylkesmannen ser det er det løysinga naboane har protestert på som totalt sett er den mest fordelaktige. 

Nyhende

Fylkesmannen skriv at som grunnlag for klagen er det hevda at trafikksituasjonen i gata vil bli vesentleg forverra. Dette fordi omsøkte løysing der gata vert tatt i bruk til innkøyring til parkeringshuset vil opne for gjennomkøyring. Eigedomane som ligg i gata vil få ein forverra situasjon ved utkøyring frå parkeringsareala og det vil bli farleg for born som syklar/spring ut i gata.