Endå eit tilfelle av koronasmitte påvist i Herøy

Smittevernoverlegen i Herøy melder om eit nytt smittetilfelle fredag. Dette er femte smittetilfellet i Herøy på litt over ei veke.
Nyhende

Oppdatering 09.10.20 kl.: 18.30

Smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen seier til Vestlandsnytt at smittetilfellet er oppdaga i samband med ein rutinekontroll av ein elev på vidaregåande skule. Eleven skulle på utplassering ved ein arbeidsplass som kravde negativ koronatest. Vedkomande var ikkje sjuk.

– Vi jobbar framleis med karlegginga, og har fått kartlagt rimeleg godt så langt. Kjelda har vi enno ikkje avdekka. Vi skal halde offentlegheita informert om situasjonen, seier Aasen.

Han seier det no er veldig viktig at dei som får beskjed om å halde seg i karantene gjer dette.

– Så må alle passe på smittevernreglane med handvask og avstand, minner han om.

Oppdatering 09.10.20 kl.: 18.00

I samband med det nye tilfelle av påvist Covid- 19 i Herøy fredag er det så langt kartlagt 15 nærkontaktar. Disse vert kontakta fortløpande i ettermiddag og gitt informasjon om korleis dei skal forhalde seg. Det vert sett opp ekstra teststasjon søndag 11.10.

Alle nærkontaktar som skal testast får eigen melding om stad og tidspunkt.

Arbeid med smittesporing held fram. Så langt er ikkje kjelda for smitten avdekka. Arbeidet med dette vert prioritert frametter, melder smittevernoverlegen i Herøy.

Oppdatering 09.10.20 kl.: 16.00

– Ein arbeider no med å få oversikt over nærkontaktar, og desse vert kontakta fortløpande, heiter det i ei pressemelding frå Herøy kommune fredag.

Vidare heiter det at alle som er nærkontaktar, dvs. har vore nærare enn to meter i meir enn 15 minutt, til den som har testa positivt, skal vere i karantene. Familien til dei som er nærkontaktar skal ikkje vere i karantene.

– Dei av pårørande til nærkontaktar som skal på arbeid i ettermiddag/kveld, t.d. i helse- og omsorgsinstitusjonar, kan orientere si leiing om at eit familiemedlem er sett i karantene. Forsterka smittevern med god handhygiene og munnbind kan då settast i verk, skriv kst. smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen i pressemeldinga.

Det blir opplyst at det vil kome meir informasjon frametter ettermiddagen.