Sandefisk byggjer ut for 35 millionar - sjå skissene her

Grunnarbeidet har allereie starta. Betre effektivitet og nye produkt vert resultatet når det etterlengta, store nybygget til Sandefisk står klart til vinteren.

Grunnarbeidet godt i gang: Tre gravemaskiner var i full sving med å førebu tomta til nybygget då Vestlandsnytt var innom. Her ser vi nokre av dei sentrale i dan daglege drifta, f.v. Kjerstin Sande, Gjermund Bringsvor, Kenneth Rusten, Bjørn Thore Hansen og Nina Sande. 

Nyhende

– Nybygget skal huse nye kjøle- og fryserom, ny avdeling med dyrefôr, emballasjelager, kantine og nye garderobefasilitetar. Det vil i neste omgang frigje langt meir plass i produksjonen, seier adm.dir. Ole Sande i Sandefisk AS.