Storholm fylte makrellkvoten på knappe to veker:

– Det har vore eit eventyr

Mange makrellfiskarar går nok rundt med eit breitt smil om munnen, for dei siste vekene har det gått føre seg eit «Klondyke- fiske» utanfor og rundt Runde.

Lange arbeidsdagar: Fiskarane om bord i Storholm har jobba rundt klokka dei siste vekene. No er 190 tonn makrell fiska opp, så då er det på tide med litt fri. Frå venstre ser vi Olve Storås, Andreas Runde Eide, Daniel Storås og Hans-Kristian Hansen Sævik. 

Nyhende

– Fiskarane har stått på, vi har stått på, og alle har gjort sitt beste for å få på land all makrellen, seier produksjonsformann ved Fosnavåg Pelagic Ivar Nærø.