Saman med representantar frå næringslivet i regionen har dei sju kommunane på Søre Sunnmøre vurdert dei føreslegne endringane i rutetilbodet for ferje og hurtigbåt. I denne prosessen har dei ulike kommunane peika på kva som er viktigast for si kommune, og til slutt har ein kome fram til ein fellesuttale som vart sendt over til fylkeskommunen tysdag.
Kommunane på Søre samlar seg om ferjeuttale:
Vil ha fast nattferje i Larsnes-sambandet
Kommunane på Søre Sunnmøre lanserer kompromissløysing for å redusere fylkeskommunen sine ferje- og hurtigbåtkostnadar. Sisteturen mellom Årvika og Koparneset kan bli flytta til Larsnes-sambandet.
Larsnes ferjekai: Er føreslege som avgangskai for alle som skal frå Gurskøya til Vanylven seint på kvelden. Frå før reiser alle som skal til ytre Sande herifrå. Foto: Arkiv/Endre Vorren
Nyhende