Eva og Ole Jacob bygde seg ein heim på hjul - slik ser bilen ut på innsida

Koronaen øydela både planane og budsjettet til Eva Rose Furmyr og sambuaren Ole Jacob Johanson. Det sette fart på kreativiteten.

Bur i varebil: Eva Rose Furmyr og forloveden Ole Jacob Johanson har brukt ein del tid å energi på å byggje sin nye heim - men ikkje spesielt mykje pengar. No håper dei å snart få gjenoppta verdsturneen dei måtte avbrye på grunn av koronaen, - i bilen!   Foto: Privat

Nyhende

Kassebil med seng og særpreg. Det var slik dei ville ha det, og slik skulle dei få det. Ja, og med straum, bord, stolar og fullt utstyrt kjøkken då så klart.