Slik markerer vi Verdsdagen for psykisk helse i Herøy

Verdsdagen for psykisk helse er 10. oktober. I år handlar verdsdagen for psykisk helse og markeringa om å spørje meir.

Verdsdagen: Representantar frå arbeidsgruppa samla på Heid. Frå høgre: Britt Paulsen (dagleg leiar ved Frivilligsentralen), Svanhild Rise (seksjonsleiar psykisk helse og rus), Hilde Hestås (avdelingsleiar grunnskule/PPT). Sissel Reite (demens- og psykiatriteamet) og Kari Mette Eide Runde (helsesjukepleiar) er også med i arbeidsgruppa, men var ikkje med på biletet.   Foto: Iselin Nevstad Øvrelid.

Nyhende

Psykisk helse og psykisk uhelse er framleis tabu i mange land. Mental Helse har sidan 2002 koordinert arbeidet med Verdsdagen for psykisk helse i Noreg på oppdrag frå Helsedirektoratet.

– Dagen skal auke kunnskap og openheit om psykisk helse, og fremje gode levevanar. Målet er å gjere det like lett å snakke om vår psykiske helse som vår fysiske. Vi har alle ei psykisk helse, og den må vi ivareta, seier seksjonsleiar for psykisk helse og rus i Herøy kommune, Svanhild Rise.

Her i Noreg er det alle dei lokale markeringane over heile landet som har bidratt til meir openheit om psykisk helse med flotte og inspirerande arrangement år etter år. I perioden 2015 til 2019 har talet på markeringar auka frå 650 til 2200, noko som viser at flere engasjerer seg og ønskjer å bruke dagen til å jobbe for saka.

Alle har ei psykisk helse

Kvar einskild av oss har ei psykisk helse, og den må vi vere medvitne om å ta vare på. Nokre psykiske lidingar er arvelege, medan mange psykiske utfordingar har bakgrunn i særskilde hendingar, eller påverknad i kvardagen frå miljø. Andre igjen kan skuldast ein kombinasjon av desse.

Å ikkje ivareta si psykiske helse kan gi vanskar med å finne ei trygg forankring i livet. Verdsdagen har som mål å bevisstgjere at ved å styrke den psykiske helsa, vert ein betre rusta til å møte utfordringar i livet.

Psykiske utfordringar er vanlege

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at omtrent halvparten av oss vil oppleve alvorlege psykiske utfordringar i løpet av livet. Det å ha nokon å snakke med kan vere avgjerande for handtering av utfordringar, og om ein må søkje hjelp.

Psykiske lidingar blant unge jenter har dei siste 5 åra auka med 40 % (FHI), der angst og depresjon er mest vanleg. Ungdata-undersøkinga frå 2017 syner at unge opplever eit større press og meir stress på skulen og elles i livet.

Du kan utgjere ein skilnad

Ei undersøking gjennomført av Yougov i samarbeid med Verdsdagen, viser at samfunnet har bidrege til meir openheit kring temaet, men at vi på individuelt nivå synast at det er lettare å snakke om vår fysiske helse enn vår psykiske.

– Vi har med andre ord framleis ein stor og viktig jobb i åra som kjem for å gjere det enklare å snakke om korleis vi har det. Ved å delta på markeringane, anten på skulen din, arbeidsplassen din, i kommunen, på kino, frivilligsentralen, biblioteket, internasjonal skule med meir, kan du bidra til å gjere ein skilnad, påpeikar Svanhild Rise.

Markeringa i Herøy

I Herøy kommune har vi dei tre siste åra hatt felles markering av Verdsdagen der arbeidsgruppa har bestått av representant fra psykisk helse og rus, helsestasjon, folkehelsekoordinator, helse og omsorg, skule og barnehage.

Den pågåande covid-19-pandemien gjer i år at Herøy kommune si markering vil bli skissert i eit felles program, men via mange små arrangement rundt omkring.

– Vi vil oppmode alle om å spørje ein ven, nabo, klassekamerat, kollega eller slektning om å bli med på eit av dei kjekke arrangementa i kommunen i løpet av veke 42, avsluttar Svanhild Rise.

Arrangement for alle:

Laurdag: Gratis kino for alle. Spør ein klassekamerat, ven, nabo, slektning eller kollega om dei vil vere med. Filmen som vert vist er «Tottori - den sommeren vi var alene». Bestill gratisbillett på Fosnavåg kino sine nettsider når det nærmar seg.

Tysdag: Herøy folkebibliotek. Shared reading. Shared reading er eit litterært pusterom, ei lesestund for vaksne leia av ein leseleiar. Leseleiaren les ei novelle og eit dikt. Vi opplever tekstane saman og samtalar undervegs om kva det gir oss. Det er ikkje litteraturanalyse, og deltakarane treng ikkje førebu seg.

Onsdag: Seksjon psykisk helse og rus si friluftsgruppe arrangerer tur til Tverrfjellet. Ta med deg ein ven, klassekamerat, nabo, slektning eller kollega på tur saman med oss. Turen startar på parkeringsplassen på Heid kl. 11.

Torsdag: Markering av Verdsdagen for psykisk helse ved Frivilligsentralen med strikkekafe.

I tillegg til desse opne arrangementa blir det også ein del som er lukka.