Lisa og familien realiserte bustaddraumen ved sjøkanten på Nerlandsøya:

– Vi tok den tida vi trengde

Då Lisa og Daniel skulle bygge sitt draumehus brukte dei nesten eit heilt år på å planlegge. Det var essensielt for å finne den perfekte balansen mellom det estetiske og det praktiske, det herskaplege og moderne.

Då vi bygde huset var vi veldig beviste på lyden.

Lisa Leinebø Pinheiro
Nyhende

Vi ringer på døra. Ingen respons. Vi prøver igjen. Har vi kome til rett hus? Ja, alt tyder på det. Huset er blant dei nyaste i grenda på Nerlandsøya, berre eit steinkast frå lokalbutikken. Etter beskrivinga vi har fått; stort, mørkt, moderne og naustinspirert herskapshus, kan ein vel ikkje bomme? Eit tredje forsøk på ringeklokka gjer at det omsider kjem lydar innanfrå.