Gladnyheit om UFO-satsinga i Herøy:

Opnar allereie på måndag

– No hoppar vi over alle hinder og berre køyrer på! Eg ser ikkje nokon problem før dei kjem, om dei kjem i det heile tatt.

No blir det liv: Her i lokala til Fritidsklubben er det no klart for oppstart av det nye UFO-tilbodet i Herøy. Det er ei forkorting for ungdomsfritidsordning. Denne gjengen er glade for å annonsere oppstart allereie komande måndag. F.v: Arjan Sakarias Sydhagen Dalsøren, Bjørn Prytz, Mona-Grethe Ryssevik og Carl-Henrik Myrseth Moltumyr. 

Nyhende

Det seier ei energisk Mona Grethe Ryssevik, seksjonsleiar for kultur i Herøy. Ho har fått det mellombelse ansvaret som prosjektleiar for den varsla ungdomsfritidsordninga til kommunen, etter at den utpeikte prosjektleiaren trekte seg.

Ryssevik fekk ansvaret torsdag morgon, og ho var rask med å legge ein slagplan. Det tok faktisk ikkje lenger enn snaue halvtimen før ho hadde tromma saman eit mannskap på fritidsklubben for å kunngjere nyheita om at dei allereie på måndag planlegg å starte opp med den nye fritidsordninga.

Vi møter Ryssevik saman med ordførar Bjørn Prytz, nyvalt leiar for ungdomsrådet Arjan Sakarias Sydhagen Dalsøren og UFO-forkjemparen i Høgre Carl-Henrik Myrseth Moltumyr.

– Ja, kva skal eg gjere no? Eg har jo kunngjort at dette ikkje skulle opne før i midten av oktober, sukkar Prytz spøkefullt.

– Eg får vel kome med eit grunngjeve spørsmål på neste kommunestyre der eg spør kvifor opninga vart påskunda med fleire veker, kontrar Moltumyr og flirer.

– Du skal få svaret med ein gong. Herøy er ei båtlengd føre, svarar Prytz med glimt i auget.

Tonen er god blant dei to lokalpolitikarane. Begge er gira over å sjå at ein allereie i haustferien vel å opne dørene på fritidsklubben på kulturhuset.

– Det er berre ein fordel at vi kjem i gang så raskt som mogleg, seier Prytz.

– Og det var på tide. Eg er utolmodig av natur og synest det har tatt vel lang tid. Dette er eit sårt etterlengta tilbod, seier Myrseth Moltumyr.

Han er nok den politikaren som har vore mest høglydt i debatten kring den nye ordninga som kommunestyret etter kvart har samla seg om.

– Det er supert at ein no er i gang, det er trass alt det viktigaste. Dette vil bli bli kjempebra, smiler Høgre-politikaren.

Ungdomsrådet meiner det vil vere positivt

Dalsøren seier at UFO for lengst har blitt ein snakkis blant ungdommen i kommunen. Han er som dei to politikarane begeistra for satsinga.

– Folk på ungdomsskulen gler seg til å kunne kome hit etter skulen, seier ungdomsrådsleiaren.

Han viser elles til tal som uroar han og resten av rådet i den nye Ungdata-rapporten omtalt i førre avis.

– Vi håper og trur at eit slikt tilbod vil vise utslag i dei negative trendane vi ser i rapporten.

– Vegen blir til medan vi går

Og korleis skal det gå føre seg? Det er eit spørsmål som ein håpar med tida vil bli svart på litt av seg sjølv.

– Det viktigaste er at vi startar måndag og køyrer i gang eit opplegg kvar dag etter skuletid. Det blir rom for å drive med forskjellige aktivitetar, kjøpe seg mat, sosialisere eller å jobbe med skulearbeid. For dei som brukar Fritidsklubben er det samanliknbart med den, forklarar Ryssevik om planane.

Dei tilsette i Fritidsklubben er også dei som i fyrste omgang vil jobbe med ordninga. Dette er vel å merke berre ei mellombels ordning. Prosjektgruppa som er sett ned til å forme ordninga, og å tilsette ein person i den stillinga Mona no fyller, vil halde fram med sitt arbeid parallelt. Med andre ord vil det med tida bli klart kven som skal jobbe med ordninga meir permanent.

Ordninga er primært retta mot ungdom i ungdomsskulealder, men heilt A4 skal dei heller ikkje vere, blir vi forklart.

Ungdommen med eige ansvar

Det at tilbodet blir til etter kvart gjer at ordføraren ønskjer å minne ungdommen om ein viktig ting. Brukarane får no sjølve eit ansvar for å utvikle tilbodet til å bli eit inkluderande fellesskap.

– Det blir fort til at det er dei mest engasjerte som fyrst hiv seg med på slike tilbod. Då er det viktig at dei sørger for også for å få med dei som treng det aller mest – dei som faktisk utgjer den gruppa som føler seg einsame eller som finn kvardagen vanskelegare, seier ordføraren.

Ryssevik nikkar stadfestande til Prytz sine utspel.

– Her tenker vi mellom anna å engasjere våre unge «Motivatorar» (ungdom med MOT, red.mrk). Dei kan bli ein viktig ressurs, utdjupar ho.

Men der er jo haustferie: – Ingen grunn til å vente

Det at det er haustferie neste veke ser ikkje Ryssevik som noko minus. Snarare tvert imot.

– Ingen grunn til å vente! Dette er berre ei fin anledning for å introdusere tilbodet til ungdommen. No med korona-situasjonen er det sikkert fleire som også vegrar seg for å reise vekk, og då treng vi litt liv i kommunen, smiler ho.

Og apropos korona …

– Smittevern skal vi ta hand om på ein framifrå måte, held Ryssevik fram.

Litt ekstra

Prosjektleiaren avsluttar med å seie at dei håper å sparke i gang opplegget med litt ekstra brask og bram. Ho blir avbroten av Moltumyr.

– HerøyLAN har nyleg fått si nye bumperball-bane. Kanskje er det på tide å blåse ho opp for fyrste gong!