Meiner å ha kontroll på situasjonen

Smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen i Herøy seier dei har rimeleg god kontroll på situasjonen med dei to nyoppståtte tilfella av Covid-19.

Korona Covid-19 

Nyhende

Oppdatering kl. 13.28: Som ledd i smittesporinga er også reiseruta til personane gjennomgått. Ein av personane kom med eigen bil. Den andre kom med fly til Vigra om ettermiddagen, vidare med buss og hurtigbåt til bustaden.

Reiseruta er gjennomgått med FHI (Folkehelseinstituttet). Konklusjoner er at sidan denne personen ikkje hadde eller har symptom på Covid-19, er det ikkje nødvendig å gjennomføre vidare smittesporing på fly, buss eller båt.

- Situasjonen er oversiktleg og under kontroll, seier Aasen i ei pressemelding torsdag klokka 09.30.

To utanlandske arbeidarar vart onsdag sette i isolasjon, etter at dei testa postitivt på Covid-19. Dei kom til landet måndag, altså to dagar før. Herøy kommune opplyste torsdag at dei to ikkje har symptom på Covid-19.

- Ytterlegare to personar i same bufelleskap som testa negativ, vart samstundes sette i isolasjon som følgje av den nære kontakt det er i eit bufelleskap. Smittesporinga har avklart at ingen av dei to som testa positivt har hatt nærkontakt med andre personar sidan dei kom til Norge utover bufelleskapet. Dei har mellom anna ikkje vore innom butikkar eller andre offentlege stadar, forsikrar smittevernoverlegen.

Dei fire personane vert følgd opp med nye testar i samsvar med fastsette rutiner. Både arbeidstakarane og arbeidsgjevarane samarbeider godt.

Oppdaga onsdag

Onsdag kveld kunne kommunen melde om dei to seinaste smittetilfella i Herøy, som altså kjem over eit halvt år etter førre, registrerte koronasmitte i kommunen.

Begge personane vart sette i isolasjon onsdag kveld.

– Det er oppretta kontakt med arbeidsgjevar, og det er i kveld sett i verk smittesporing. Førebels er også to personar sett i karantene., opplyste Aasen onsdag kveld.