Truga med korona-stenging, men alt var i orden på feriesenter

Sande kommune fekk bekymringsmeldingar frå innbyggjarar og sende eit relativt skarpt brev til feriesenteret. Men der var alt i skjønaste orden.

Skare, Sandsøya: Sist veke sende Sande kommune ut eit relativt dramatisk brev til eigaren av Skare Feriesenter, med tanke på bekymringsmeldingar i høve til smittevern og karantene for utanlandske gjestar. Nokre dagar seinare har kommunen kvittert ut saka og vil legge ho vekk.  Foto: Ingeniør Svein Holmen AS

Nyhende

– Saka er verbalt kvittert ut. Eg vil tilrå at saka vert avslutta frå kommunen si side, etter dei tilbakemeldingane eg har fått frå Jon Erik Bjørstad og Skare Feriesenter.