Lukas (19) frå Larsnes satsar alt på toppfotballen:

– Det er dette eg vil

Sandssokning Lukas Fjørtoft Sandanger har heile livet hatt eit mål om å spele toppfotball. No går han «all inn» i eit forsøk på å realisere gutedraumen.

Ny klubb: Den tidlegare Larsnes/Gursken-spelaren spelar no for Årvoll I.L. For augeblikket er det juniorfotball, men unge Sandanger håper å kome seg opp på seniornivå rimeleg kjapt. 19-åringen trur det komande året blir avgjerande for han. Foto: Privat  Foto: Privat

Nyhende

– Eg er ikkje i tvil på at det er dette eg vil.

Vestlandsnytt snakkar med 19-åringen over telefon. Det er fredag ettermiddag og Lukas har teke seg tid til lokalavisa mellom fotballtreningane. På skulen går det slag i slag. Er det ikkje trening, er det taktikk. Er det ikkje taktikk, er det kamp. Folkehøgskulen han går på, Rønningen Folkehøyskole, spesialiserer seg på toppfotball og passar som hand i hanske for den unge sunnmøringen som heile livet har ønskt å ha fotball som sitt levebrød.

– Draumen har alltid vore der, men det var vel i 2018 eg gjorde alvor ut av ambisjonane. Sidan då har alt handla om å bli så god som mogleg.

– Skal utfordre kapasiteten min

Larsnesingen, som fram til no har spelt og trivst i Larsnes/Gursken, er fullt bevist på at nålauget er trongt om ein vil vere med å kjempe på toppnivå. Derfor blir det komande året, med fotball dag ut og dag inn, viktig for Fjørtoft Sandanger.

– Dette blir eit år der eg skal utfordre kapasiteten min. No går eg «all inn» for å sjå kor god eg klarer å bli og kva nivå eg kan nå. Det blir såleis eit avgjerande år for mi utvikling, seier Lukas til Vestlandsnytt.

På skulen er det fleire som han, unge folk som kjempar med same ambisjonsnivå og draumar, og så langt er den unge fotballspelaren optimist og sjølvsikker. Han kjenner seg jamgod med resten av sine klassekameratar og føler han stadig gjer framsteg. Nyleg debuterte han i junior 1. divisjon for Årvoll. Dette ser han som eit viktig springbrett på kort sikt, og håper å etter kvart å finne seg ein seniorklubb.

– Eg er i dialog med både Bærum og Kjelsås om kva moglegheiter som finst for meg på eit endå høgare nivå, røper Lukas.

– Det er no ein ser kven som verkeleg vil

Etter å ha snakka litt om ambisjonane og planane framover, spør vi Lukas kva han tenkjer om korona-situasjonen og effekten det gar på fotball-Noreg. For han er det eit tviegga sverd.

– På den eine sida er dette skadeleg for idretten. Ein står i fare for å miste ein del erfaring og mykje engasjement som er viktig for å halde liv i fotballmiljøa rundt om kring. Det vil også kunne skade nivået i fotballen, seier Lukas.

Det er liten tvil om kvar 19-åringen står i forhold til myndigheitene sine koronareglar i fotballen.

– Eg meiner heilt klart fotballen har lidd unødig mykje samanlikna med andre, seier han.

Samstundes som koronaen har hatt sin negative effekt, trur også Lukas at her er ting å ta med seg for han som ung og aspirerande fotballspelar. Han trekkjer fram at han, sidan smitteverntiltaka trådde i kraft, har kunne fokusere maks på personleg utvikling i ballsporten. Han har nytta tida til å trene hardt.

– Om det forsvinn spelarar på grunn av krisa oppstår der jo eit vakuum som kanskje vi yngre kan fylle. Det er no ein ser kven som verkeleg vil og kanskje blir det meir rom for oss, seier Sandanger.

Positivt eller negativt, korona eller ikkje, no er det ein ting som gjeld:

– No skal eg køyre på, 100 prosent, avsluttar han.