Mykje er positivt i Ungdata-rapporten, men enkelte ting bekymrar politikarane:

Ein del alvorlege funn

Ungdata-undersøkinga for 2020 viser at dei fleste ungdomane i Herøy er godt fornøgde med livet sitt. Likevel er det ikkje alle resultata som er heilt som ein skulle ønske, noko kommunestyret uttrykte si bekymring for.

BEKYM­RA: Søl­vi Ne­rem Berg (nr. to f.v.) var glad for at mykje er bra i opp­vekst­mil­j­øet, men mein­te sam­stun­des at det er svært vik­tig at ein tek an­svar for det mind­re­ta­let som ik­kje har det så bra. Ho har her par­ti­fel­la­ne Jens T. Johnsen og Ca­mil­la Kvals­vik Aksnes rundt seg.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Etter å ha vore innom ulike utval, var det førre veke kommunestyret som fekk resultata frå den siste Ungdata-undersøkinga på bordet. Denne undersøkinga er eitt av fleire verktøy Herøy kommune nyttar for å nå målsettinga om at alle barn og unge skal ha gode og trygge oppvekstvilkår.