Lyser ut prestestillingar i både Herøy og Sande før jul:

– Dei har gode spor å gå i

Det blir etter kvart no to ledige prestestillingar i vårt nedslagsfelt, og i dette høvet har vi utfordra prost Ingeborg Matre til å gjere opp status for korleis rekrutteringsarbeidet skrid fram.

Bjerkvik får Skryt: Prost Ingeborg Matre skryt av den lange og gode innsatsen til Sigmund Bjerkvik som prest i Sande. Her ser vi eit bilete frå siste offisielle gudstenesta Sigmund Bjerkvik leia på Kvamsøya for nokre veker tilbake. Arkivfoto: Arne Werkland  Foto: Arne Werkland

Nyhende

Soknepresten i Sande, Sigmund Bjerkvik, skal etter lang og tru teneste pensjonere seg i desse dagar. I Herøy har ein mangla sokneprest i Indre og Leikanger sokn, etter at Knut Magne Dalsbø gjekk over i stillinga som pastor i Herøy Frikyrkje.