VALDAGEN PÅ FLÅVÆR VAR EIN FESTDAG

Flåvær var minste røystekrinsen i Herøy, men hadde alltid høgaste frammøteprosenten.

KOMMUNESTYREVALET I 1983: Valet er over. Erling Torvholm, leiaren i røystestyret for Flåvær krins, er klar til å gå om bord i sjarken sin og frakte pakken med røystesetlane til rådhuset i Fosnavåg.   Foto: Harald Thorseth

Dei som budde på Flåvær-holmane, var godt samkøyrde, noko dei hadde vist i mange samanhengar, ikkje minst når det galdt det som hadde med lokalpolitikk og posisjonar å gjere.

Nyhende

Måndag 9. september 1991 var ein heilt spesiell dag for dei som hadde møtt fram i den gamle, ærverdige skulestova på Flåvær for å røyste i kommunestyrevalet.