I samband med innføring av ny læreplan sette lærarane for 6. trinn på Einedalen skule seg ned og tenkte. Den nye planen legg stor vekt på tverrfaglegheit, og lærarane ønska å bruke digitale hjelpemidlar i arbeidet. Dei bestemte seg for å setje elevane i gang med å lage ein podcast.
Då elevane møtte på skulen måndag for to veker sidan, kom dei inn i nye omgjevnader. Klasserommet var delt i redaksjon og møterom. Grupperommet var avlåst og merka med «studio» . Elevane fekk utdelt pressekort og nye identitetar som reporterar. Kvar morgon har redaksjonen hatt møte, der arbeidsoppgåver for dagen har vorte fordelte, og progresjon i pågåande prosjekt har vorte gjennomgått.
Einedalen: Sjetteklassingar ved Einedalen skule med eigen podcast. Foto: Einedalen skule
Etter tre dagar med hektisk arbeid i redaksjonen var første episode klar, og Einepodden vart opna og gjort tilgjengeleg på Spotify og fleire podcast-plattformer.
Reportarane i Einepodden har arbeida mykje og godt, og det ligg no ti episodar ute!