Ville ikkje ta stilling til lovlegkontrollen

Fleire av Herøy-politikarane var svært lite interesserte i å behandle ein lovlegkontroll av hamnevedtaket. Også kommunedirektøren meinte at det ville vere fornuftig å bruke tida annleis.

IK­KJE NØD­VEN­DIG: Spe­si­elt Høg­re, Frp og KrF sine rep­re­sen­tan­tar såg lite nyt­te av lov­leg­kon­trol­len. Va­ra­ord­fø­ra­ren frå Folkelista mein­te der­imot at det var eit be­hov. Ap og Sp heldt seg på si side ro­le­ge.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Allereie under saka «godkjenning av innkalling og sakliste» vart det høg temperatur rundt den varsla lovlegkontrollen. Tine Storøy (H) sette då fram forslag om at ein skulle byte rekkefølge på lovlegkontrollen og den nye handsaminga av Fosnavåg hamn-saka. Storøy ville ha hamnesaka opp først.