Kontrollutvalet ser nærare på utleigesak

Kontrollutvalet til Sande kommune har bestemt seg for å sjå nærare på saksbehandlinga i ei sak som gjeld utleige av klasserom.

Ser på det formelle: Det er prinsipp og formalitetar kontrollutvalet i Sande skal gå nærare etter i saumane i saka om utleige av klasserom i Sandsøy skule.  Foto: Arkiv/Endre Vorren

Nyhende

I referatet frå siste møtet i Sande kontrollutval heiter det at ein vil sjekke saka i høve til gjeldande reglar som er vedtekne av kommunestyret. Konkret dreier det seg om ein søknad om bruk av delar av skulen på Sandsøya.