Kommunestyret har gjort nytt vedtak om Fosnavåg hamn

Kommunestyret samla seg om fellesframlegg om korleis framtida til Fosnavåg hamn-prosjektet ser ut.

REDAKSJONSKOMITEEN: Denne tverrpolitiske gjengen kom i samarbeid fram til forslaget som til slutt vart vedteke. F.v.: Gunn-Lise Voldsund (Sp), Bjarne Kvalsvik (Folkelista), Svein Gjelseth (Ap), Tine Storøy (H), Karl-Oskar Sævik (Frp) og Aleksander Tarberg (KrF).   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

I motsetning til førre behandling då kommunestyret delte seg i midten, var ein denne gongen meir samde, sjølv om det ikkje var full semje om alle detaljane i vedtaket denne gongen heller. Til slutt klarte ein derimot å samle seg om eit fellesframlegg etter at det vart sett ned ein "redaksjonskomite", med ein representant frå kvart parti. Dette forslaget vart samrøystes vedteke.