Bubilparken i Fosnavåg opna og laga:

Liv og røre i sentrum

Tonen vart sett for opninga av Bubilparken i Fosnavåg av fiolin-elevane til Herøy kulturskule, med irske og norske låtar. Snora var festa og det einaste som no måtte gjerast var å klippe ho.

Vinnarar: May Linn Knutsen, Vinz Kihan Laura og Heine Kvalsvik Aksnes saman med snorklippar Sigbjørn Myrseth. I bakgrunnen ordførar Prytz og Maria Sporstøl Leine frå handelsforeininga.  Foto: Thomas Sporsheim

Nyhende

Før saksa vart nytta skulle leiaren i handelsforeininga i Fosnavåg, Maria Sporstøl Leine, dele ut prisar. Det var til ungdomar frå Herøy barneskule som har vore kreative når det gjeld å sjå fram i tid på korleis dei tenkjer at Fosnavåg kan utvikle seg.