Varslar oppstart for Myklebustvatnet natursti: Tek naboane med på råd

Naboar og grunneigarar får no varsel om at arbeidet med regulering av Myklebustvatnet natursti blir sett i gang.

re­gu­le­ring: Det er enno ik­kje laga noko for­slag til tra­se for na­tur­st­ien in­nan­for re­gu­le­rings­om­rå­det som på kar­tet er inne­ram­ma med raudt. 

Nyhende

Arbeidet med planlegging av Myklebustvatnet natursti er no kome så langt at detaljane i naturstiprosjektet skal utformast. Heile 135 naboar og grunneigarar blir på ulikt vis råka av naturstien, og alle har fått varsel om kva som no skal skje vidare med prosjektet som Herøy rotaryklubb har fått ansvaret for å lose i land.