Attgroinga i bygdene våre:

Sjekk dei store endringane i naturen sidan syttitalet

Kampen mot gjengroing har fått ny aktualitet etter eit fersk innspel til Sande kommune. Bildemateriale frå slutten på syttitalet er interessante tidsvitne.
Nyhende

Medan lyngen låg lågt og dekte det meste av utmarka for nokre tiår tilbake, har det skjedd ei endring som mange i dag har lite til overs for. Sakte, men sikkert har skog og kratt teke over naturen rundt oss. Det har mellom anna fått fylgjer i form av dårleg sikt – og stadig mindre utsikt.