Leiar:

Ingen kvikk-fiks i koronakampen

Korona Covid-19 

Nyhende

I fredagens utgåve av Vestlandsnytt går Herøy kommune ut og informerer. I statusrapporten etter eit halvt år med tiltak mot koronasmitte i samfunnet, kjem kommunedirektør Trond Arne Aglen og smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen med ein uttale som mange nok synest er både trist og dystert:

«Vi må førebu oss på at heile neste år og vert prega av pandemien og smitteverntiltak. Det er knytt håp til at det kan kome ein vaksine i løpet av 2021. I mellomtida må vi vere uthaldande og tolmodige og leve etter «den nye normalen» til så lenge», heiter det frå Aglen og Aasen.

Dette er informasjon som kan vere tung å svelgje for mange som har eit håp om at kampen mot koronaen snart er vunnen. Vi er nemleg langt derifrå, all den tid det ikkje er utvikla ein vaksine som er testa ut på forsvarleg vis, og som fungerer.

Erkjenninga av at vi ikkje har nokon kvikk-fiks i kampen mot korona, at vi må leve med strenge smitteverntiltak i uoverskodeleg framtid, er viktig å ta inn over seg. Det er ingen grunn til å slakke på krava. Hald avstand og hugs god hygiene, er råda i korte trekk. Dessverre har vi sett ein del døme på at enkelte ikkje bryr seg, men det store fleirtalet av oss har vore svært flinke i den felles dugnaden vi deltek i.

Etter sommarferien har det kome nye tilfelle av koronasmitte fleire stadar i regionen. Seinast denne veka vart det registrert eit nytt smittetilfelle i Sande. Det er ei alvorleg påminning om at koronaen – som ikkje tok sommarferie – verken tek haustferie eller for den saks skuld vinterferie. Gjer vi jobben like bra som vi gjorde frå mars og fram til sommaren, bidreg alle til å unngå potensielt svært skadelege smitteutbrot lokalt.

Ring, eller besøk på smittevernmessig godt vis, nokon som bur åleine og kanskje kjenner seg både isolert og einsam i denne koronatida. Det kan ligge mykje god helse i det.