Blodraude tal bekymrar Herøy-politikarane:

Fryktar ein må bruke 25 millionar av sparepengane

Formannskapet i Herøy vil ha betre svar frå administrasjonen om kva som blir gjort for å sikre eit driftsnivå som samsvarar med budsjettet. Kommunedirektøren vil på si side ha ein slutt på rammekutta.

IK­KJE MYKJE PO­SI­TIVT: Det var ik­kje ak­ku­rat med breie glis at leiar­tri­oen lyt­ta til øko­no­mi­lei­ar Olsen si ori­en­te­ring. Kom­mu­ne­di­rek­tør Trond Arne Ag­len (t.v.) vars­lar no ein stør­re gjen­nom­gang av dei uli­ke sek­to­ra­ne. Ord­fø­rar Bjørn Prytz og va­ra­ord­fø­rar Bjar­ne Kvals­vik er på si side kla­re på at drifts­ni­v­ået må ned.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Tilbake i mai konkluderte eit heller lamslått formannskap med at det no verkeleg brenn når det gjeld den økonomiske stoda i Herøy kommune. Bodskapen dei nettopp hadde fått servert var at kommunen styrer mot eit meirforbruk i drifta på mellom 21 og 25 millionar kroner. Formannskapet forlangte strakstiltak for å betre situasjonen.