Teken i 128 km/t - miste førarkortet

Ein ungdom på 19 år vart onsdag kveld fråteken førarkortet.

Politiet: UP gjennomførte fartskontroll ved Aurvåg i indre Herøy onsdag kveld.  Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Bilføraren vart teken med ei fart på 128 km/t i 80-sona ved Aurvåg i Herøy. Den unge mannen må no vente seg eit oppgjer med påtalemakta.

Det vart dessutan skrive ut fire forenkla førelegg på grunn av fartsoverskridingar.

Utrykkingspolitiet stod bak fartskontrollen.