Koronasmitte påvist i Sande

Sande kommune melder onsdag føremiddag at ein person i Sande har fått påvist positiv prøve, og er smitta av koronaviruset. Dette er det første smittetilfellet i Sande sidan tidleg april.

Koronavirus:   Foto: CDC, Alissa Eckert

Nyhende

- Familie og nærkontakter blir varsla og sette i isolasjon til dei har fått testa seg og svara på prøvene ligg føre, skriv kommunen på si heimeside.

Sande kommune skriv vidare at legesenteret har smittesporings-team som jobbar med kartlegging av nærkontakter i slike høve. Legesenteret kontaktar desse og kallar inn til testing.

I går, 15. september, melde Sande kommune elles at det har blitt utført totalt 750 koronatestar i kommunen.