Fylkesvaraordføraren på visitt i Herøy:

Viktig info-utveksling mellom næringsliv og politikarar

Fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen (Ap) let seg imponere over den offensive og miljøvenlege satsinga til Sigurd Teige. Han trur dialog og samarbeid blir viktig framover.

SPEN­NAN­DE OG NYT­TIG MØTE: Både Sig­urd Tei­ge (t.v.) og gjes­ta­ne Bjørn Prytz (ord­fø­rar), Per Vi­dar Kjøl­mo­en (fyl­kes­va­ra­ord­fø­rar) og Bjar­ne Kvals­vik (va­ra­ord­fø­rar/fyl­kes­po­li­ti­kar) ser det som po­si­tivt å kun­ne mø­tast på den­ne må­ten. – Det er bra at lo­ka­le næ­rings­folk på den­ne må­ten kan kny­te kon­takt di­rek­te til top­pa­ne på fyl­ket. Då er det mykje let­ta­re å ta kon­takt igjen, mei­ner ord­fø­rar Bjørn Prytz. foto: sti­an lang­lo dri­ve­klepp  Foto: Sti­an Lang­lo Dri­ve­klepp

Eg trur denne haldninga om at det grøne skiftet ikkje er ein trussel, men representerer ei moglegheit er rett tenkt.

Per Vidar Kjølmoen
Nyhende

– Eg er veldig imponert over det eg har fått høyre her. Vi fekk ein presentasjon der eg trur 80 prosent handla om det grøne skiftet, nye måtar å tenke på, og korleis bidra til klimaomstilling. At han er så frampå og så offensiv, det må eg seie er ekstremt imponerande.