Inviterer til kunstnarisk aktivitetsdag på Runde Miljøsenter

Runde Miljøsenter inviterer til foredrag, kunstutstilling og aktivitetar komande søndag.

Ferner: Runde Miljøsenter og Herøy Kunstlag er stolte over å kunne invitere Pippip Ferner tilbake til Runde for å halde foredraget, som opphavleg var sett opp i mars. Foto: Arild Hareide 

Nyhende

Det skjer då kunstnar Pippip Ferner kjem tilbake til Runde. Som nokon kanskje hugsar, måtte kunstnaren avlyse sitt førre arrangement då koronaen byrja å herje i Noreg. No på søndag prøver miljøsenteret nok ein gong å dra i gang foredraget hennar «Kan kunsten redde havet?». Det blir då også moglegheiter for å prøve seg som plastkunstnar gjennom ein workshop etter foredraget.

– Pippip vil også vise rundt i utstillinga som ho har hatt ståande her. Dette blir siste sjanse til å sjå ho, for når Pippip reiser frå Runde, tek ho den med seg heim, seier prosjektleiar for marin forsøpling ved miljøsenteret, Louise H. Tackmann til Vestlandsnytt.

– Arrangementet er gratis, det vil vere høve til å kjøpe middag, kaffi og kake i kaféen før og etter føredraget, legg ho til.

På grunn av korona, har ikkje Runde Miljøsenter sett opp ein ny sesong med søndagsføredrag, men det blir nokre arrangement innimellom her og der. Tackmann røper at dei til dømes jobbar med eit arrangement i samband med TV-aksjonen 18. oktober, der barnebokforfattar Ina Giske er gjest.