Fartskontroll med førarkortbeslag på Leinøy

Tysdag kveld har politiet hatt to trafikkontrollar i Herøy.
Nyhende

Den fyrste kontrollen fann stad i Fosnavåg, der politiet hadde fokus på åtferd i trafikken. Her var det ingen reaksjonar. Det vart der derimot på Leinøy, der dei kontrollerte fart. Resultatet var eitt forenkla førelegg og beslag av eitt førarkort. Vedkomande som mista førarkortet køyrde i 76 km/t i 50-sona.