Alvorleg skadd i arbeidsulukke på «Csaver»

Mannen som vart skadd i ei arbeidsulukke om bord servicebåten Csaver, pådrog seg alvorlege klemskader.

CSaver: Servicebåten som vert kalla «Mini-bløggern» vart levert frå Salthammer sist vår. Han gjekk rett ut i ein fem år lang kontrakt for ein stor oppdrettskunde. Foto: Charvest AS 

Nyhende

– Det stemmer. Den tilsette fekk raskt hjelp og vart send til sjukehus, seier dagleg leiar Ole-Andre Leine i selskapet Charvest, som eig og driv bløgge- og arbeidsbåten Csaver.

Leine seier det er Sjøfartsdirektoratet og politet som undersøkjer saka. Difor kan han ikkje seie så mykje om hendingsforløpet før ulukka.

Ulukka skal ha skjedd under arbeid ved ei kai på Dyrvik i Frøya kommune. Eit betongelement som stod sikra på dekk tippa over og traff ein av mannskapet. Vedkomande fekk nedre del av begge beina i klem.


Nyutvikla bløgge- og servicebåt snart leveringsklar:

Går rett på langtidskontrakt

I dag skal den fyrste bløggebåten i sitt slag sjøsettast frå Salthammer båtbyggeri i Tressfjord.


Det dreier seg om alvorlege klemskader. Mannen som er frå Sunnmøre vart innlagt ved St. Olavs Hospital i Trondheim og får kontinuerleg behandling der, vert det opplyst.

Ulukka skal ha skjedd måndag 31. august, noko politiet melde om på Twitter. Seinare har Hitra-Frøya og Frøya.no skrive om saka. Det var ilaks.no som først skreiv at ulukka skjedde om bord i Fosnavåg-registrerte Csaver.

Charvest vart etablert i 2017, og Csaver vart levert og teken i bruk sist vår. Reiarlaget, som er registrert i Sula, har eigarar mellom anna frå Herøy.


Stor interesse for bløggebåtar:

Ny nisje i herøyflåten

Bløggebåtar ser ut til å bli ein ny og interessant nisje i herøyflåten.