I regi av Åram sogelag på laurdag:

Oksavik skal avduke minnesmerke etter krigen

På Åramdagen no laurdag 19. september, vil eit spesielt krigsminne bli avduka ved skulen på Åram.

MINNESMERKE: Styret i Åram sogelag framfor krigsminnesmerket som skal avdukast på Åramdagen laurdag 19. september. F.v. Oddrun Kobbevik Oldeide, Frode Høgset, Anne Håberg, Inge Kløvning og Vidar Kløvning.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Det spesielle monumentet fortel om regional krigshistorie, om avgjerande samanhengar i motstandskampen, og ikkje minst om nokre personar som ofra meir enn andre for å få slutt på lidingane og krigsterroren.

For Åram sogelag er ikkje reisinga av dette krigsminne berre ein måte å fortelje dramatisk lokal og regional historie på. No 75 år etter at andre verdskrigen tok slutt, er det framleis like aktuelt å minne kvarandre om at fred er noko vi må verne om, og kjempe for.

Lokalhistorisk har det og vore svært interessant å finne meir ut av korleis samanhengane var i det viktige motstandsarbeidet, og som vart så avgjerande for utfallet av krigen. Krigsminnet som skal avdukast på Åram laurdag, kan knytast direkte til ein av dei viktige samanhengane i motstandskampen. Dette håper vi å kunne gjere grundig greie for under avdukinga.

Krigsminnet ved Åramsundet er elles reist med god støtte frå Forsvarsdepartementet. Noko sogelaget er svært glade og takksame for.

At dei er med og støttar opp om dette så sterkt som dei gjer, fortel kanskje litt om kor viktig dette området ved Stadt var for krigsutviklinga og motstandskampen i regionen, -med «knutepunktet» i Skorpesundet, stasjonen i Oksavika og skipsleia gjennom Åramsundet midt i dette.

Kanskje særleg i krigsåret 1944 fekk folk i bygdene rundt her merke kor øydeleggande og grufull krig er. Den 24. mars det året vart hurtigruteskipet «Nordnorge» bomba og senka her nord for Stadt. Litt seinare, den 1.juni vart folket her vitne til den største eksplosjonen som var i Norge under krigen.

Då vart ammunisjonsskipet «Hans Leonard» og konvoien den gjekk i bomba i fjorden sør for Åramsundet. Og så, den 12.september, vart vaktskipet «Felix Scheder», -som er direkte knytt til krigsminnet vi skal avduke, og konvoien den kom sørover med, bomba midt i Åramsundet.

At dette var ein direkte konsekvens av meldinga som vart sendt frå stasjonen «Frei» i Oksavika, ein time eller to før denne føremiddagen, det skal vi også fortelje meir om.

I denne samanheng seier vi oss elles svært glade for at han som har sagt ja til å avduke krigsminnet er Kjartan Oksavik. Eit samtidsvitne frå ei familie som måtte lide for det dei stod opp for.

Kjartan Oksavik: Fødd 25. april 1923. Han var 22 år då freden kom. No skal han avduke eit krigsminnesmerke på Åram.. – Ta vare på den norske forsvarsevna, heiter det i ein appell frå Kjartan i høve frigjeringsjubileet 8. mai 2020.   Foto: Endre Vorren

Meir historie om dette vil bli fortalt under avdukinga av krigsminnet no laurdag den 19. september.


Kjartan er siste gjenlevande fange frå den frykta Falstad-leiren

Kjartan Oksavik er mest truleg landets siste attlevande frå Falstad fangeleir. Han og resten av Oksavik-gjengen vart utsette for tortur. Dei glade frigjeringsdagane i mai -45 sit som spikra i minnet.


I og med at vi er i den spesielle smittesituasjonen som er no, ber vi dei som kjem laurdag om å ta omsyn til smittevernreglane. Vi i Sogelaget og Grendalaget skal prøve å legge alt så godt til rette som vi kan.

I den samanheng kan interesserte også gle seg til servering av brennsnut, kaffi og kaker i Grendastova. Og så tek vi sikte på at veret vert godt.

Frode Høgset, Åram sogelag