Cabincruiser tek inn vatn rett utanfor Larsnes

Måndag 19.30 er det meldt om ein cabincruiser som tek inn vatn rett utanfor Larsnes. Ein person om bord har kome seg i sikkerheit. Hovedredningssentralen i Sør Norge koordinerer aksjonen, meldar politiet.
Nyhende

Redningsleiar for HRS Per Hognaland seier til Vestlandsnytt at personen som var om bord er trygg på land. Vedkomande vert tatt hand om av helsepersonell og skal vere kald etter å ha blitt våt om bord i båten. Det er med andre ord snakk om ein del vatn. Det er ikkje rapportert om alvorlege skader i forbinding med hendinga. Kystvakta jobbar no med å berge båten inn til land.