Polargodt i Tjørvåg legg om drifta og satsar fullt ut på jakt og sal av kval:

– Vi skal bygge eit sterkt omdøme for kvalfangsten

Neste sommar legg Arnfinn Karlsen ut på det som vil markere ein ny epoke for sitt selskap Polargodt AS. Med skuta «Moholmen» skal han ut og jakte kval langs norskekysten, for så å levere og produsere kvalkjøt ved eige mottak i Tjørvåg.

Gallionsfigur med symbolverdi: Kanonen som er montert om bord i Moholmen var i si tid brukt av Egil Ole Øen då han utvikla granaten som sikrar momentan avliving av kval. For Karlsen var det derfor litt symbolsk å vise fram kanonen til Øen då han var på besøk denne helga. Ein skal leite lenge etter meir meiningsfull gallionsfigur. 

Nyhende

Du har to-tre sekund på å sikte og skyte. Visst du nøler og er uoppmerksam dukkar han igjen!