Reagerer på kravet om lovlegkontroll:

– Dette ser meir ut som ei trenering av saka

Karl-Oskar Sævik og Tine Storøy meiner det er veldig spesielt at Folkelista og Senterpartiet no vil sende sitt eige vedtak til fylkesmannen.

TRE­NE­RING: Karl-Os­kar Sævik (Frp) og Tine Stor­øy (H) mei­ner kra­vet om lov­leg­kon­troll er eit for­søk på å tre­ne­re Fos­na­våg hamn-saka.   Foto: Arkiv/Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Ein lovlegkontroll er gjerne noko ein krev om ein har tapt ei sak og meiner vedtaket er i strid med lova. I dette tilfellet har Kvalsvik med fleire signalisert at dei vil sjekke om sitt eige vedtak er lovleg, noko som er ganske spesielt, seier Sævik (Frp) og Storøy (H).