På størjefiske

Nokre fiskeri er meir usikre og omskiftelege enn andre. Størjefisket i 1950-åra var eit slikt fiske.

RUNDEBÅTEN «VESTØY»: Her er viltre og sprelske makrellstørjer fanga i nota, og det er like før dei skal heisast om bord i «Vestøy». På biletet ser vi Kåre Refsnes med lensepumpa – og Kristian Østensen Goksøyr (nærast). Biletet er frå 1954.  Foto: Arne-Olav Gundersen

– Mange gamle og gode minne dukkar alltid fram når eg blar i albumet og ser bileta frå størjefisket som eg var med på som tenåring.

Nyhende

Størjefisket fekk fyrst fotfeste på Helgelandskysten, og fiskarane tente gode pengar. Gjetordet om det nye gullfisket spreidde seg med rekordfart sørover kysten. Frå og med 1950-sesongen var fiskarar frå alle fylka frå Vest-Agder og nordover med på fisket. På det meste deltok mellom 4000 og 5000 fiskarar.