Kven har krasja i taket og takrenna?

Det er spørsmålet bebuarane på Solberg terrasse i Fosnavåg stiller seg.

– Må ha kjent det: Sameigeleiar Mons Arne Kvalsvik meiner det er på sin plass at syndaren meldar ifrå om uhellet. Dei kan diverre ikkje tidfeste hendinga ned til klokkeslett og dato, men dei meiner det har skjedd i løpet av den siste veka.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Tidlegare i denne veka oppdaga folk som bur på Solberg terrasse i Fosnavåg at nokon har krasja og øydelagt eit hjørne på tak-overbygget ved inngangspartiet til leilegheitskomplekset. I tillegg har takrenna fått seg ein bulk.

– Eg ser ikkje noko anna forklaring enn at det må ha vore ein stor bil som har kome opp på fortauet og krasja i overbygget. Det må ha skjedd i løpet av dei siste dagane.

Det seier sameigeleiar Mons Arne Kvalsvik til Vestlandsnytt. Han er skuffa over at syndaren ikkje har tatt kontakt.

– Ein bilist ville ha merka det slik som taket og renna ser ut, poengterer han. Kvalsvik håper over at den ansvarlege meldar seg til sameige snarast.