Innovasjon Norge deler ut over 5 mill. i Herøy og Sande

Desse bedriftene får utviklingstilskot

– Dette er pengar som kan gi bedrifter framleis aktivitet og hindre unødige permitteringar som følgje av koronasituasjonen, seier næringsminister Iselin Nybø.
Nyhende

I vår dobla regjeringa Innovasjon Norge si ramme for støtte til næringslivet i 2020, gjennom auka rammer og nye ordningar. Dette har gitt bedrifter i Møre og Romsdal 635 millionar kroner meir enn på same tid i fjor. Krisepakkane frå regjeringa og utvida rammer gjer at Innovasjon Norge kan gi støtte til fleire prosjekt.