Leiar:

Frekt forslag frå fylkeskommunen

- I beste fall må forslaget frå Molde reknast som frekt, men frå denne kanten er freistinga stor til å kalle forslaget eit makkverk, skriv redaktør Endre Vorren.
Nyhende

Administrasjonen i fylkeskommunen har sendt på høyring eit forslag til redusert tenesteomfang for fylkesvegferjene neste år. Samstundes varslar dei ytterlegare innstrammingar i åra som kjem.


Fryktar vi ser berre starten på massive ferjerutekutt

Mathias B. Gjerde (Sp) har i fleire år styrt ferjer i distriktet vårt. Han fryktar ferjekuttforslaget frå fylkeskommunen kan vere starten på ei nedbygging.


I beste fall må forslaget frå Molde reknast som frekt, men frå denne kanten er freistinga stor til å kalle forslaget eit makkverk. Det er skissert ei større vengeklipping av tilbodet på Årvik – Koparnes. Ein vil kutte ut fleire ruter på dagtid og spør kommunane kva dei synest om framlegget.


Fylkeskommunen i dramatisk notat:

Varslar massive ferjekutt

Årvik - Koparnes er eitt av ferjesambanda som blir hardast råka viss fylkeskommunen gjennomfører kutteplanen som no er sendt ut.


For det første er det uråd å spare inn millionar på å la ferjemannskapet kvile «nokre turar» på dagtid, all den tid dei likevel må vere på jobb. Natt-ruta frå Larsnes som går til fastlandet og ytre Sande bør heller ikkje ha livets rett, meiner øvrigheita. Blir denne teken vekk, set ein tilbodet mange år tilbake i tid. Det finst også døme på distrikssamfunn og bygder i fylket som – om forslaget blir vedteke – nærast vert isolerte store delar av døgnet berre fordi fylkeskommunen har vore uansvarleg i pengebruken, over tid.


Fylkeskommunen i dramatisk notat:

Varslar massive ferjekutt

Årvik - Koparnes er eitt av ferjesambanda som blir hardast råka viss fylkeskommunen gjennomfører kutteplanen som no er sendt ut.


Uansvarleg er det også å sende noko slikt på høyring. Her burde fagfolka i fylkeskommunen ha kasta korta frå første stund, og sendt saka i retur til fylkespolitikarane. «Beklager, fylkespolitikarar, dei skisserte innsparingane Dykkar er i praksis umoglege å gjennomføre. Dei vil gje så store konsekvensar at fylgjene må reknast som urealistiske», kunne det heite i eit brev som gjekk ut til fylkesordføraren og leiaren i samferdselsutvalet.

Vi trur ikkje forslaget vert gjennomført. Verken på Årvik- eller Larsnes-sambandet, eller over Sulafjorden, er det rom for nedjustering. Tvert imot bør fylkeskommunen syte for å styrke ferjetilbodet, i tråd med tidlegare signal. Det kjem så mange ulike varsel i alle retningar frå Molde at tilliten til Møre og Romsdal fylkeskommune i beste fall kan kallast tynnsliten.